• Hopp til primær menyen
  • Hopp til hovedinnhold

Finnmarkshilsen

Hilsen fra Finnmark

  • Hjem
  • Reportasje
  • Nyheter
  • Oppbyggelse
  • Kommentar

Andakt den 17. mai 2018

22. mai 2018 By Redaksjonen

17. mai i Ullensvang. Foto: Jostein Sandsmark.

 

Av Ludvig Hope

Sidan sa Israel til Josef: No lyt eg døy, men Gud skal vera med dykk og fylgja dykk til landet åt fedrene dykkar. 1. Moseb. 48, 21

I alle tider har folki elska sitt fedreland. Og denne kjærleiken var aldri djupare og reinare enn hjå dei som laut bu hjå eit framandt folk. Då Israel var i Babel, hengde dei harpene sine burt og gret av lengting etter heimlandet. Det er det same som hender den dag idag når ein må leva skild frå sitt folk og fedreland.

Sørfjorden, Hardanger 17. mai 2018. Foto: Jostein Sandsmark.

Landegrenser, mål, skyldskap, ættearv, grannelag, skule, bedehus, kyrkja og kyrkjegard – alt dette og mykje meir flettar folket saman til ein einaste stor huslyd. Som Gud har lova å signa og verna folket i heimane, når dei arbeider saman i kjærleik, so vil Han ogso verna og signa eit folk som held saman og lever i tru og gudlegdom.

Blomstring i Hardanger 17. mai 2018. Foto: Jostein Sandsmark.

Det er slett ingi kristeleg dygd å vera likesæl for sitt fedreland. «Gjer det de kan, so det må gå den byen vel som eg har ført dykk til, og bed for han til Herren. For når det går han vel, so går det dykk vel.» (Jer. 29, 7). Det sa Gud til dei av Israelsfolket som måtte bu i Babel. Kor mykje meir vil Han då ikkje seia til oss at me skal arbeida og be for landet og folket vårt! Me skal be for konge, for styresmenn og for alle som rår over oss, so me kan leva i fred og sømd og gudlegdom. Det seier Guds ord til deg og meg.

Måtte me kjenna vårt ansvar for fedreland og folk, frå grensa og ut til dei drivande garn, so me i arbeid og bøn ber det uppover mot Gud, frå slott og til lågaste hytta. Det vil Gud.

Eidfjord i Hardanger, 17. mai 2018. Foto: Jostein Sandsmark.

 

Blomstring i Hardanger 17. mai 2018.

 

 

Gud signe vårt dyre fedreland

og lat det som hagen bløma!

lat lysa din fred frå fjell til strand,

og vetter for vårsol røma!

lat folket som brøder saman bu,

som kristne det kan seg søma.

(Andakt for 17.  mai frå «Eit Ord idag» på A/S Lunde Co’s Forlag, Bergen 1932.)

 

 

Snøsmelting ved Hallingskarvet 17. mai 2018. Foto: Jostein Sandsmark.

Filed Under: Oppbyggelse

Finnmarkshilsen, redaktør Vidar Norberg, e-post: Finnmarkshilsen@gmail.com, telefon: 90082017, konto DNB: 1214.01.69100. Copyright Finnmarkshilsen.no