
Av Jostein Sandsmark
Fondet skulle koma framtidige slekter til beste med god infrastruktur og velferdsordningar som gamlingane kunne gleda seg over i sin alderdom – dei som har bygd landet med stort strev. Ja, det skulle vel falla oss til gode som vart pensjonistar etter at fondet vart oppretta?
Men har så skjedd? Nei, – me har fått dyrtid, vegstellet er til nedfalls, togtrafikken er ikkje i rute, forsvaret er nedbygd, kommunane må bruka sparekniven så sengepasientar berre kan få billigmiddagar.
Helsekøar: Skulle det vera nødvendig i verdas rikaste land? Eg streva og venta og trøbla i over to år, og måtte køyra 1200 km før eg endeleg fekk orden på nye høyreapparat.
Byråkratiet tek over og mindre blir gjort. Ting tar tid.
Men Støre og heile styringsverket er rause og pungar ut med 2000 milliardar i året til ymse føremål. Kva desse billionane går til? Lista er lang, men utplukka postar er:
50 milliardar til el-bil subsidier.
37 milliardar på havvindsatsing.
Elektrisifering av Melkøya med eit uavklara milliardbeløp.
235 milliardar til batterihavariet i Mo i Rana.
EØS får 3,910 milliardar.
WHO får 72 milliardar.
EU får 28 milliardar.
Palestina (Hamas) 616 milliardar.
NAV treng 635 milliardar, av dei får navarane i utlandet 110 800 millionar.
Og det er mange tvilsame tiltak i samfunnet som får statleg støtte.
Bistandsbudsjettet var på 55 milliardar i 2024.
Denne milliardsatsinga på bistand skil seg ut som ekstra dårlege tiltak. Løyvingane er høge og resultata låge. Ein altfor stor del går tapt i administrasjon og endar opp i korrupte politikars lommer. Det er liten kontroll på megaflaumen, og revisjonen mangelfull. Tilbakemeldingane frå dei som skulle nyta godt av bistandsmillionane er jamt negative. Det kan vera til skade for dei som skulle bli hjelpte og øydeleggjande for næringslivet – t.d. regnskogen i Amasonas.
«Godhetsposørane» er ei nemning som kritikarane har lagt på dei som pøser ut pengar på tvilsame prosjekt, og her er det stor skilnad på KrF og FrP sin politikk. FrP ser falskheita med alle NGO – (private org.) sine prosjekt og vil ha innstramming. KrF mengar seg med venstresida og sosialistane som lanserer symbolpolitikk oppdressa med honnørorda «solidaritet» og «nestekjærleik».
Dette var berre eit lite utdrag av statlege utgiftspostar, så det er ikkje rart om me ikkje har råd til skikkeleg mat til pensjonistane våre.