• Hopp til primær menyen
  • Hopp til hovedinnhold

Finnmarkshilsen

Hilsen fra Finnmark

  • Hjem
  • Nyheter
  • Oppbyggelse
  • Kommentar

Gratulerer med grunnlovsdagen!

16. mai 2026 By Redaksjonen

Norges korsmerkede flagg. Gratulerer med grunnlovsdagen 17. mai 2026. (Foto: Jostein Sandsmark)

Gud, signe vårt dyre fedreland 
og lat det som hagen bløma! 
Lat lysa din fred frå fjell til strand 
og vetter for vårsol røma! 
Lat folket som brøder saman bu 
som kristne det kan seg søma!
 

Vårt heimland i myrkret lenge låg.
og vankunna ljoset gøymde.
Men, Gud, du i nåde til oss såg,
din kjærleik oss ikkje gløymde.
Du sende ditt ord til Noregs fjell,
og ljos over landet strøymde.

Og Noreg det ligg vel langt i nord,
og vetteren varer lenge;
men ljoset og livet i ditt ord,
det ingen kan setja stenge.
Om fjellet er høgt og dalen trong,
ditt ord har då her sitt gjenge.


Så blømde vårt land i ljos og fred,
det grodde så grønt i lider.
Men atter seig natt på landet ned
med trældom og tunge tider.
Og folket det sukka etter ljos,
og du lyste opp om sider.

Og morgonen rann, og mørkret kvarv,
som lenge vår lukka skygde.
Du atter oss gav vår fridomsarv
og honom i trengsla trygde.
Du verna vårt folk og gav oss fred,
og landet med lov me bygde.

Vil Gud ikkje vera bygningsmann, 
me fåfengt på huset byggja. 
Vil Gud ikke verja by og land, 
kan vaktmann oss ikkje tryggja. 
So vakta oss, Gud, so me kan bu 
i heimen med fred og hyggja.

Fedrelandssalmen er krevet av Elias Blix

Filed Under: Oppbyggelse

Finnmarkshilsen, redaktør Vidar Norberg, e-post: Finnmarkshilsen@gmail.com, telefon: 90082017, konto DNB: 1214.01.69100. Copyright Finnmarkshilsen.no