
Av Jostein Sandsmark
(I EIGNE TANKAR): * Det store miraklet skjedde: Du – nettopp du – vart utplukka, kåra, utvald til å bli tatt ut av det store Mørkret framfor milliardar av andre potensielle menneskekryp til å bli avla og fødd. Sjå deg i spegelen på badet og gratuler deg med det eineståande tilfellet at du vart fødd og fekk sjansen til å verta eit menneskevesen – til eit liv med sjel og kropp og ein unik identitet – ja, endå til med eit eigenarta fingeravtrykk!
* Du vart fødd inn i ein familie, ei slekt, eit samfunn – til eit liv med gleder og goder, medgang og motgang.
* Du vart ikledd ein dåpskjole, og det vart tent eit ljos for deg som kan vera deg i eige heile livet – ein satsplanke, ei opa dør «til dei salar der æveleg høgtid du held». For du vart døypt inn i eit åndeleg samfunn med namnet ditt innskriven i Livsens Bok og med del i eit åndsfellesskap der Den Allmektige Gud er Far og Herre.
* Du har fått i hende til forvalting eit menneskevesen, ei menneskesjel som ei aksje – eit verdipapir av umåteleg storleik: Ein unik identitet og ein integritet med menneskeverd.
* Du vart konfirmert og kan velja å stå i di dåpspakt, utvida samhøyrigheita med din menigheit og kyrkjesamfunn. Du får stadig høve til å gjera gode val mot eit gudssamfunn og åndeleg fellesskap.
* Truleg har du hatt frie hender til å velja livspartnar, danna eigen familie og leva eit liv i nærskap med einskildpersonar og folk i eit samfunn – dela gleder og goder og ha oppdrag som eit «gagns menneske,» ha ansvar og yta ditt i fellesskapet.
* Så er du blitt gammal og gått ut på dato. Det har vore ein vanskeleg prosess utan førutdanning og erfaring for dette nye. Alderdomen har kome sigande i somt, men bardus på deg i andre forhold.
* Du er komen til endes på ditt jordeliv med sine goder, tyngsler, tap av krefter, liv og aktivitetar. Sjukdom og vanhelsa kjem ingen utanom, og kjensla av utanforskap kan vera tyngjande. Minneorda, som vart lesne opp i kyrkja som ei oppsummering, får du ikkje høyrt, men er vanlegvis vinkla mot det positive.

* Tida er opphøyrd , nå har du gått ut or Tidsdimensjonen og entra Æva – ein ny dimensjon du aldri har vore i: Gudsdimensjonen der alt er Nå. Du står føre eit møte med din Skapar og skal få avsagt dom over ditt jordeliv. Er du så velsigna at du har fått behalda din plass på sidene i Livsens Bok i Det himmelske arkiv, får du Walk Over – blir frikjend, – og du med dei andre frelste og frikjende går i flokk inn Himmelporten: «Oh When the Saints Go Marching in – Han skal åpne Perleporten – Tenk for en jubel, ja tenk for en jubel!»
* Dei som ikkje er blitt frikjende – dei som ikkje ensa at krokrn til hjartedøra var på innsida, – og at dei hadde høve til å opna og sleppa Han inn som «Står for døra og bankar» – dei som takka nei til tilbodet at ein Frelsar tok på seg skuldnotata – anklagene mot deg – og du må vera din eigen forsvarar. Dei får alle avsagt domen: Dødsstraff: Å bli fråteken det einaste verdipapiret og betalingsmiddelet me har fått: – Livet – å bli plukka ut av Mørkret for å bli til.
* Nå blir dei tilbakeførde dit – bli del av det Ingenting som var før noko vart skapt. «Straffa» – i fylgje Paulus, er å bli bevisst Tapet av det største gode: Paradiset – og måtta bli kasta ut til Den Andre Død: – Eldsjøen, bli utsletta, tilbakeført til Det Store Mørkret, det Ingenting, som var før alt. Dei har teke valet – avvist benådninga/frikjenningsskriftet: – Evangeliet – Nåden det var å få anklageskriftet stroke av registeret – men sjølv å betala det med utsletting av sin identitet og må gje tilbake til Skaparen den ånd du har hatt til låns – bli gløymd, borte for all tid – «Skal ikkje minnast meir».
* Paradiset – den himmelske sæla – veit me lite om. Me har ikkje språk for tidløysa og ævedimensjonen. Det blir som å prøva å fortelja gullfisken i glasbollen om Stillehavet. Men me veit at alt det vonde som sulka til vår gode jord og det ho vart tilsølt med: – Synd, sorg, smerte, vanskjøtsel, vald, krig, blod, ulukke og sjukdom er borte: «Alt skal bli nytt – det gamle er borte – skal ikkje minnast meir». Sjølv det beste her på denne jord blir berre som ein kladd mot det nyskapte Paradiset som ventar. «Eia var vi der…»
Be om å Bli Bevart
