• Hopp til primær menyen
  • Hopp til hovedinnhold

Finnmarkshilsen

Hilsen fra Finnmark

  • Hjem
  • Nyheter
  • Oppbyggelse
  • Kommentar

Nye kontraktar sikrar at alle kan få lokalavisa i postkassa

21. oktober 2026 By Redaksjonen

(PRESSEMELDING): Samferdselsdepartementet har sendt ut ein konkurranse om statleg kjøp av avisdistribusjon til postkasser på tysdagar, torsdagar og fredagar til område utan kommersielle avisbodnett.

 – Lokalavisene er viktige for å gi folk moglegheit til å ytre seg og halde seg oppdatert om kva som skjer i lokalsamfunnet. Derfor skal staten halde fram med å kjøpe avisdistribusjon i område der det ikkje finst kommersiell distribusjon, seier samferdselsminister Kamzy Gunaratnam.

Til forskjell frå  brevlevering, er det fleire aktørar som kan distribuere aviser. Derfor er det ikkje høve til å direktetildele oppdraget. Tilbodsfristen for konkurransen er 17. november 2026. Kontraktane vil ha oppstart 1. juli 2027 og vare i eitt år, med mogleg forlenging i ytterlegare tre enkeltår.  

Ordninga med statleg kjøp av avisdistribusjon til område utan kommersielle avisbodnett er tilpassa vekedagar med flest papirutgåver, og særleg lokalavisenes primære utgivingsdagar, som tysdag, torsdag og fredag.  

– Kva som skjer nasjonalt og internasjonalt får brei dekning på tv, radio og avislesing i ulike format. Lokale hendingar blir derimot ikkje like godt dekt i andre medium enn i lokalavisene. Dei er viktige for demokratiet vårt. Dei lokale redaksjonane er tettast på sosiale, geografiske og politiske forhold i lokalsamfunna, og publiserer saker og avgjerder som elles ikkje ville blitt dekt. Derfor er det i første rekkje distribusjon av lokalavisene vi må sikre gjennom det statlege kjøpet, seier Gunaratnam.

Posten Bring har i dag kontraktar om avisdistribusjon på tysdag, torsdag og fredag, medan Aktiv Norgesdistribusjon har kontraktar for laurdagen. Laurdagskontraktane var lyst ut utan opsjonsmoglegheiter, og regjeringa har lenge signalisert at kjøp av laurdagsdistribusjon ikkje vil bli forlenga. Dette heng saman med at kjøpet er tilpassa lokalavisenes primære utgivingsdagar og laurdag er ikkje blant dei.

Filed Under: Kommentar

Finnmarkshilsen, redaktør Vidar Norberg, e-post: Finnmarkshilsen@gmail.com, telefon: 90082017, konto DNB: 1214.01.69100. Copyright Finnmarkshilsen.no