
Av Jostein Sandsmark
(KRONIKK): For å vera orientert og ha oversikt over det norske folket, ville eg nøya meg med å dela oss inn i tre flokkar: A, B og C, og ha som separasjonsgrunnlag utsegna til Gro: «Det er typisk norsk å være god».
Desse gode norskingane i A-gruppa har eit humanist- og feministisk grunnsyn med omsorg for dei svake og sårbare, og alle som kan definerast som minoritetar, utstøytte – og som kan dekkast av nyordet «utanforskap».
Trenden er å lyfta fram det som tidlegare vart sett på som eit handikap, – nå skal det eksponerast som eit objekt for vår godheit. Det gir ein sterk smak av å opptre som godhetsposør og gjer seg gjeldande ved å plussa på med bistand og u-hjelp – sjølv om det skjer utan sikkerhetsgaranti og går i lommene til tvilsame personar. Då ein av dei største bistandsformidlararne vart konfrontert med at berre 27% nådde fram til mottakarane, sa han: «Det er betre med litt enn ingenting». Så sant så sant, men det viser visse sider ved denne praksisen, og personen hadde mange av prosentane i sine eigne lommer.
Dei er livsynsopne og har fokus på dei homofile og trans, alle med handikap; som det å vera kortvokst, ha Downs, er dement, er mentalt tilbakeståande, er brune/svarte i hudfargen, dei som brukar briller, eller har tannregulering. Ord og nemningar som gammal, senil, dverg, neger, åndssvak er blitt fy-ord som det er straffbart å ta i munn.
Folka i A-sekken vil kunna bera merkelappen kjenslestyrde og unnser seg ikkje for å nekta fakta, sanning og rett dersom det kolliderer med deira eige narrativ. Deira livssyn, haldningar og åtferd blir dirigert, styrt og farga av sjølvoppleving: «Det som er rett for meg». Kvasse bibelord som ikkje støttar, eller går i hop med deira livsoppfatning – ser dei bort frå. Dei stemmer sosialistisk, for der har politikken fokus på humanisme, rettigheiter, likskap, folkerett og nestekjærleik. Dermed blir dei gripne av klimahysteriet, det grøne skiftet og eit svulmande bistandsbusjett. Dette for å utjamna urettferda i verda – som avlat for vårt klima-avtrykk. A-gjengen kritiserer B for hjarteløyse og egoisme, – men bibelsk tankegang er det ikkje. Der står det at rekkefylgja for for omsut og støtte er først foreldre og familie – deretter dei andre hjelpetrengjande. A-folka er EU-venlege, sjølv om dei ikkje likar plastflaskekorkane; – er medlem av Dnk, held Vårt Land og VG, er pro pride, multikultur og pro Islam. Dei har eit eige departement for Likestilling som trumfar det meste, så me får innkvotering i kjønnsdominerte yrke og posisjonar som prest, politi, brannmannskap og militærpersonell.
Dei har sine klåre fiendebilete og strør rundt seg med karakteristikkar av sine meiningsmotstandarar som egoistar, konspirasjonistar, trumpistar, islamofobe og hjartelause rasistar.
Men dei viser sin irrasjonalitet og mangel på konsekvens når dei heiar på Islam og støttar pride. Sharia og ppride er som eld og vatn. Når dei ikkje kan forsvara seg i eit kvast ordskifte der dei må gje tapt mot sanning og fakta på bakken, vik dei unna og sjukmelder seg. Eller dei uttalar: «La oss vera einige om å vera ueinige.» Det finn eg å vera feigt og unnfallande. Dei vil halda fast på eit smuldrande standpunkt.
B-gjengen held Aftenposten og får på merkelappen påskrive at dei er konservative – med undertonen avlegs. Konservativ blir brukt som eit minusord.
Men«Enhver er sin egen lykkes smed» – og når ein lukkast, er gevinsten vel forunt? Men nei, det er ikkje god tone ifylgje A-gruppa, det kan krenka likestillingsprinsippet, så det må jamast ut. Svaret er tung skattlegging. Det er rettferdig.
Den bibelske tankegangen er at ein flittig arbeidsmann er si løn verd, – og som ein sår skal ein hausta. Talent skal pleiast, setjast i omløp og vera innsatsen til føretaket. I denne gruppa finn ein gründerane, men dei rømer nå landet, sidan dei er så miskjende av A-folka.
I C-flokken finn ein sofaveljarane, dei tiltakslause og politisk uintersserte. Dei er gjerne trauste samfunnsborgarar som har nok med sitt privatliv, og har høg terskel for å setja seg opp mot dei som styrer. C-flokken er oppteken med familie og heimesyslar, fotball sport, TV-seriar, popkultur og hytteliv. Dei er opne for nye motar og trendar – alt frå hår og skjegg, briller, hovdaplagg, klede og husfarge, musikkstil, møtekultur og sceneopptreden. Det er berre å sjå på tilstrøyminga til Hellbillis og Grand Prix. Eller merka seg trenden med svarte hus og bilar, – ja, tilmed postkassane er blitt svarte!
Etter årstida skal me gå ljosare tider i møte. Måtte det gjelda over alt!