
Av Jostein Sandsmark
I politikken ser det ikkje like oppløftande og lovande ut. EU-spøkelset lurer bakom novene, og sjølv om me ikkje står som medlem der, er me dagleg sterkt påverka av denne institusjonen. Spesielt er vår nåverande statsminister flink til å føya seg etter EU-ynska. Lista er lang og omfattande over tiltak som tener Europa meir enn hans eigne undersåttar. Men han står ikkje åleine. Han er siste ledd i ei lang rekkje med storpolitikarar som vil det same: Full EU-tilknyting.
Då JA til EEC tapte i Folkeavstemminga, greidde Gro å lirka oss inn bakdøra med EØS-tilknytinga. Sidan har alle våre toppolitikarar gjort sitt for å tekkjast EU: Gro, Kjell Magne, Jagland og Jens, Erna og Jonas, Søreide og Barth Eide.
Dei 15000 lovar, føresegner, tiltak og direktiv frå Brussel har ikkje alle vore til gagn for oss, og det enorme byråkratiet for å iverksetja, drifta og kontrollera desse tiltaka, har est utover, så me har dobbelt så mange statsløna byråkratar som Finland og Sverige.
EU-direktiva omfattar alslags tiltak, frå EU-kontroll på bil til fasongen på flaskekorkane. Kvifor heiter det EU-kontroll? Ville det ikkje vera meir naturleg å kalla det BIL-kontroll? Alt for EU!
Ville me ikkje klara oss utan EU? Det er ei myte som ikkje har truverde. Det er motsett: EU er på konkursnippet og siklar etter våre verdiar og ressursar: Vår olje, vår gass, vår straum, vår fisk og våre mineral.
Me treng EU i forsvarssamanheng, seiest det – som eit tungt argument. Men kven trur at EU vil trø til den dagen Russland invaderer Svalbard og Nord-Noreg?
EU’s nye krav om husisolering: Sjølv om mange slepp unna det, må me likevel bera kostnaden med administrasjonen.
Støre har vore basen i EU-tilpasninga, men Erna Solberg har vore ein god medhjelpar ved å nekta å ta med skogen i CO2-reknestykket med klimagass-utsleppa. Nå fekk me eit klimagassreduksjonstiltak å handskast med etter Paris-avtalen som medførte Det grøne skiftet, – som har skaffa oss dyrtida, det katastrofale klimahysteriet med utsleppfrie ordningar: Elektrifisering av oljeproduksjonen, Melkøya og andre tapsprosjekt, transportsektoren, næringslivet, el-bil satsinga, vindkvernar, havvind og stansinga av ku-fis, – alle skal med, – alt for å berga kloden – endå vårt menneskeskapte klimautslepp av naturgassen CO2 utgjer mindre enn ein promille i verdsmålestokk!
Det vart ein kostbar promille: – Politikarskapt milliardtap i pengar og velferd .
Eg såg gjennom gamle inn-postar på PC’en og fann ein der frå ein JA-mann som gjorde meg betenkt. Han skriv: «Vi kan ikke i denne lille utkanten av Europa …» og «Selv er jeg absolutt for EU». Det var sterkt: – at ein oppegåande, skarp og klårsyntperson med dømekraft og oversikt kan seia slikt, forskrekka meg.
Eg minnest for 30 år sidan under folkeavstemminga at unge JA-folk frå Høgre prøvde å skremma med at det ville gå ille med oss ved å stå utanfor. Tida har jo tilfulle synt at dei tok feil. Tvert om har me klart oss fint trass i at me meir og meir har blitt pålagd dyre forordningar i vår omgang med EU. Det er dei som higar etter våre skattar, ressursar og goder:Vår olje, gass, straum, fisk og mineraler.









