• Hopp til primær menyen
  • Hopp til hovedinnhold

Finnmarkshilsen

Hilsen fra Finnmark

  • Hjem
  • Reportasje
  • Nyheter
  • Oppbyggelse
  • Kommentar
  • Atomubåt kommer til Tromsø

Bilbrannar

3. november 2022 By Redaksjonen

Av Jostein Sandsmark

Nå har bil nummer 201 i rekka brunne i Oslo-området. «Politiet tror brannen kan være påsatt»  –  det får me vita.  Lite meir.  Gjerningspersonen er ikkje oppspora.

Kanskje politiet antar at alle dei første 200 var sjølvantent? Nei, dei har visst tidlegare greitt å fakka ein skuldig i å ha tent på bil. 

Men kanskje desse brannane ikkje reknast som kriminalitet, men berre som resultat av politikk?  Sagt er det i alle fall at desse brannstiftarane bur trongt og har for få fritidstilbod.

 Verknaden er at bileigarane vèl å flytta frå området, og det gir større rom for dei trongtbuande.

Underleg er det at same slags bilar ikkje tek fyr i Valdres, på Tysnes eller i Høydalsmo.

Det er godt at me har brannforsikring på bilane våre. Forsikringsselskapa har penger og pungar ut.

Er det nokon som veit kva summar det dreiar seg om? Kanskje det er din og min autogiro-faktura  for forsikringspolisen som blir belasta?

Sidan det er politikk som er ute og går,  – burde dei politiske partia røra på seg, ikkje minst miljøpartia. Det er uhoveleg mykje CO2 utslepp av ein bilbrann – og stor miljøbelastning  ved å produsera ein ny bil.  Ville det ikkje vera rimeleg at forsikringsselskapa og dei politiske partia skuva på for å få bukt med dette uvesenet?

Har me ikkje ein justisminister og ein miljøminister som kan ta ansvar og iverksetja tiltak?

Filed Under: Kommentar

Finnmarkshilsen, redaktør Vidar Norberg, e-post: Finnmarkshilsen@gmail.com, telefon: 90082017, konto DNB: 1214.01.69100. Copyright Finnmarkshilsen.no