• Hopp til primær menyen
  • Hopp til hovedinnhold

Finnmarkshilsen

Hilsen fra Finnmark

  • Hjem
  • Reportasje
  • Nyheter
  • Oppbyggelse
  • Kommentar
  • Atomubåt kommer til Tromsø

Påskesong av Jakob Sande

8. april 2023 By Redaksjonen

Den tomme graven i Gravhagen i Jerusalem er et symbol på Jesu oppstandelse påskemorgen. (Foto: Heljä Norberg)

Av Jørgen Høgetveit

(KOMMENTAR): Jakob Sande (1906-1967) var lektor og ein skatta nynorsk lyrikar. Han skreiv ikkje meir enn to songar som står i Sangboka, nr. 623 og 659. Men sjølv om det er få – er det songar med ein mektig bodskap – særleg 659, skreven i 1931 – og tonesett av Rolf Karlsen i 1973.

Songane har og ein særleg god rytme og rim som syng seg inn i sinn og tankar. Det minnar meg om det Grieg sa om Garborgs dikt: det er jo musikk.
Songen på 623 er jolesongen: «Det lyser i stille grender.»

Sidan me nærmar oss påska, skal me la songen på 659 synge seg inn i våre sinn og tankar som førebuing til Påskemorgon som «slokker sorgen til evig tid». Eit Kristusvitnemål om Offer-lammet ein ikkje høyrer så ofte i slik framføring. Ei vidunderleg innføring i påska frå Jesu kamp i Getsemane til sviken av vener, spotta og håna i Pilati borg til «Offerlam på Golgata» Og så eit siste og fjerde vers og bøn om at bodskapen må verta vårt personlege eige.

Sjølv om han ikkje har med oppstoda si solgylde Påskemorgon – så er soninga sterkt med i Offerlammet og i siste verset, og som nemnd, ei god førebuing til gleda då makta til synd og død vart broten – og vegen bana like inn i heilagdomen. Heile vegen Jesu kamp åleine: Stridsmann frå Getsemane – til Påskemorgon då ingen møtte og såg oppstoda! Berre nokre skremde vakter såg verdas største hending. Underleg. Likevel – svikta ikke Stridsmannen då – ikkje i dag heller.

Men lat oss no høyra – ja, gjerne synga med i desse fire versa som og har eit roleg og godt tonefylgje – slik det skal lyda: «Åndelige sanger til føyelig melodier».

To mennesker har besøkt Gravhagen. (Foto: Vidar Norberg)

«Du som låg i natti seine sorgtyngd, vanvørd og åleine, Skjelvande på såre kne,
Du som skåli trufast tømde Medan alle dine rømde, Stridsmann frå Getsemane!

Graven i Jerusalem er tom. Jesus er oppstanden.

Du som spotta vart og banna, Kront med klungerkrans om panna, Medan augo brann i sorg,
Du som stod i namnlaus pine, Skild fråd ei du kalla dine, Einsam i Pilati borg.

Det er gjort mange funn i Gravhagen. Dette er trolig en gravstein som var rullet foran en grav.

Du som hekk til krossen nagla, Medan blodut sveitte hagla Frå di panne då du sa:
«Fader, kvifor gjekk du frå meg!» Å, lat nådens blodstraum nå meg, Offerlam frå Golgata!

Hodeskallestedet Golgata i Jerusalem.

Lær mi sjel kor du laut lida, Syn meg såret ditt i sida, Styrk og nør mi veike tru,
Så eg frelst mitt auga vender Opp til deg på krossen, du.»
(Uth. av meg)

Den tomme grav i Gordons Golgata i Jerusalem er med vakre blomster til påskehøytiden. (Foto: Vidar Norberg)

Artikkelen er fra kommentar-avisa.no

Filed Under: Oppbyggelse

Finnmarkshilsen, redaktør Vidar Norberg, e-post: Finnmarkshilsen@gmail.com, telefon: 90082017, konto DNB: 1214.01.69100. Copyright Finnmarkshilsen.no