• Hopp til primær menyen
  • Hopp til hovedinnhold

Finnmarkshilsen

Hilsen fra Finnmark

  • Hjem
  • Reportasje
  • Nyheter
  • Oppbyggelse
  • Kommentar

Tanker om Guds allmakt

30. november 2020 By Redaksjonen

Dagali kirke i vinterdrakt. (Foto: Jostein Sandsmark)

Av Jostein Sandsmark

(KOMMENTAR): «Eg kan ikkje tru på ein allmektig og god Gud når det finst så mykje vondt i verda.» Slik blir det tidvis sagt – og dei som sier slikt, meiner dei har god grunn til å venda Gud ryggen. Men slik er det ikkje.

Guds vesen er KJÆRLEIK. Kjærleiken søkjer alltid etter eit objekt  – nokon å ausa den ut over. Difor ville Gud skapa eit vesen som kunne ta imot og gleda seg ved å få del i dette uendelege gode: GUD og Hans KJÆRLEIK. Difor skapte Han mennesket.

Men «Gud leikar ikkje med dokker» er det sagt. Å skapa seg marionettar – robotar utan gudsbiletet i seg var ikkje i Guds tanke.  Hans fremste skapning måtte ha ein del Gud-likskap i seg. Det måtte ha ein fri vilje, ein identitet som innebar ein frittståande integritet – med ein vilje som kunne ta sine eigne val, ein fridom til å gå på dei sjølvvalde vegar.

Men for å skapa eit slikt vesen måtte Gud vera open for at dette vesenet ikkje ville ha samver med sin Skapar, – men også kunne venda seg bort frå Han. Han ynskte seg eit samver der menneska Fri-Viljug knytte seg til Han. Slik vart mennesket skapt i si Gud-likning. Gudskjærleiken innebar at den guddommelege nyskapningen hadde ein ukrenkeleg integritet. Dette vert tydeleleg illustrert i likninga om Den Bortkomne Sonen. Faderen hindra han ikkje i å velja fortapingsvegen. Gud kan ikkje ta tilbake ei gåve som er gjeven.

At Gud let det vonde skje i verda er eit resultat av den Fridomen Han gav sin fremste skapning:  Gudsbiletet. Det er mennesket sjølv som har valt sin vonde veg og rota det til. Å seia at Gud har skulda og burde forhindra slikt, er å snu tinga opp ned.

Evangeliet – den glade bodskapen – er at Gud vil frelsa oss frå vår sjølvvalde, vonde veg. Men synd fører til død og skilsmål som må opprettast. Det har Han gjort sjølv – ved at Menneske-Sonen leid døden i vår stad. Ved å ta i mot denne straffesoninga får me på nytt samversrett til Gud i Det Nye Paradiset.

Det vonde – i alle former og uttrykk vil Gud på Oppgjersdagen sletta for tid og æve, og kjærleiksuttrykket til den store skaren med lauskjøpte Fri-Vilje-menneskesjeler kan gleda seg i den Uendelege Kjærleiken – Han sjølv.

Filed Under: Oppbyggelse

Finnmarkshilsen, redaktør Vidar Norberg, e-post: Finnmarkshilsen@gmail.com, telefon: 90082017, konto DNB: 1214.01.69100. Copyright Finnmarkshilsen.no