• Hopp til primær menyen
  • Hopp til hovedinnhold

Finnmarkshilsen

Hilsen fra Finnmark

  • Hjem
  • Reportasje
  • Nyheter
  • Oppbyggelse
  • Kommentar
  • Atomubåt kommer til Tromsø

Ordtak – aforismer – mine heimelaga ordtøkje

29. september 2022 By Redaksjonen

Lærer, fotograf, kunstner, forfatter og filosof Jostein Sandsmark. Han har tidligere vært lærer i Bugøynes og bor nå på Geilo.

* Ein vert trøyttast av ugjort arbeid.

* Min styrke veks ved å erkjenna min veikskap.

* Det finst ingen lyd – seier den døve.

* Koss har du det? Veldig bra, eg misunner ingen og vil ikkje byta med nokon.

* Eg kan ikkje godt vera for abort, – for eg er nummer sju.

* Etter ein vellukka hofteoperasjon: Eg har nesten gløymt ut kva for ein fot eg skal halta på.

* Småkårsfolk som sandsmarkingane skal ikkje vanda slikt som: Skalkar, smular, skorper, snerk eller skover.  Alt er mat, seier mammo.

* Det er surt å bera slunken sekk heim frå bærskogen.

* Det er lett å bera tung bør heim frå bærmarka.

* Dei finaste bæra er dei som er komne oppi bøtta.

               Aldersrelaterte ordtak:

* Når ein blir gammal, kjenner ein seg framand i eigen kropp.

* Eg har fin ballanse når eg ligg.  Det er når eg står opp at eg  sjanglar.

* Ein blir så sliten av å gjera ingen ting.

* Det er vondt å venja seg til at kroppen eldest for kvart år, – når ein har vandt seg til vera ung og sterk i førti.  Eg er alltid på etterskot.

* Her ventar ein på å bli vaksen, og så oppdagar ein at ein er gammal.  (Andor Sandsmark)

            Teologisk relaterte ordtak:                           

* Når Gud er uforståeleg, – er det Han eller forståinga me skal lita på?

Jostein Sandsmark

Filed Under: Kommentar

Finnmarkshilsen, redaktør Vidar Norberg, e-post: Finnmarkshilsen@gmail.com, telefon: 90082017, konto DNB: 1214.01.69100. Copyright Finnmarkshilsen.no