• Hopp til primær menyen
  • Hopp til hovedinnhold

Finnmarkshilsen

Hilsen fra Finnmark

  • Hjem
  • Reportasje
  • Nyheter
  • Oppbyggelse
  • Kommentar

Den nye verdsordninga

25. juli 2023 By Redaksjonen

Miljøsteinen. (Foto: Jostein Sandsmark)

Av Jostein Sandsmark

Kor mange er det som kjenner til Klaus Schwab – grunnleggjaren av WEF – World Economic Forum

Me kjenner betre Adolf Hitler og hans draum om verdsherredøme. Hitler begynte i det små, var tekkeleg og populær, vart folkevald førar på redeleg vis. Men han hadde ein skummel agenda – som ingen visste om. Og når den kom til syne, greidde han å forføra eit heilt folk – ein kulturnasjon med mange millionar. Tilmed kyrkja var på lag og støtta han, – og sjølv utstyrte han soldatane sine med ei beltespenne med påskrifta: «Gott mit uns».

 Når eg ser på TV dei mange filmane og reportasjane frå WW2 – blir eg overvelda av meiningsløysa, valden, dødstala og den samfunnsøydeleggjinga verdskrigen førde med seg:  Millionar av døde rundt om i heile verda, tallause skadde, sorg og ulykke påførd milliardar av menneske – i tillegg eit umåleleg fysisk skadeverk.

Kvifor?  Jo, ein galen mann som tok seg lov til å utløysa den verste katastrofa som menneskeheita i alle mannsaldrar har vore ute for.

Men var det ingen som skjøna dette i tide og kor det bar i veg? Nei.  Alle let seg forføra og var passive. At slikt kan skje mellom siviliserte folk er ein stor tankefloke. Og at me ikkje har lært – er ei like stor gåte. Ordtaket om at «Det einaste me har lært av historia er at me ingenting har lært» – er så til fulle ei sanning.

Men er dette aktuelt i dag?  Tja, Putin har overraska med å setja i gong noko som ingen ser omfanget av eller enden på.

Og me har ein person som – enn så lenge – har vore anonym og ukjend blant folk flest:  Klaus Schwab.  Han har i det stille trekt i trådane og greitt å påføra oss to store pandemiar – ein på helsesektoren og ein økonomisk: Covid og Det grøne skiftet. Begge med katastrofale kostnader for verdas sju milliardar. Utanom dei enorme økonomiske verknadene me har blitt påførde, har ei anna side blitt ein realitet:  Kontroll. I pandemien let me oss dirigera av styresmaktene på ein måte me aldri før har opplevd. Det grøne sluket står me midt oppe i, og blir manipulerte, styrde, pressa til å godta dette økonomiske bedraget og blir frårøva personleg sjølvstyre og sunn samfunnspolitikk.

Det er også to nye trendar som dreg i same lei: Desimeringa av folketilveksten ved millionar av svangerskapsavbrot – i byte for ein uhemma migrantpolitikk. Den andre folkerørsla er Pride-Fri-hysteriet som har ein nedbrytande verknad i samfunnslivet.

Kina har verktøyet og er lengst komen i kontroll av folket. Dei har andletsgjenkjenning og kunnskap om alt det folk gjer: Kor dei er, kva samkomer dei har, kor dei reiser, kva medisiner dei brukar, og styresmaktene kan regulera kvart einskildmenneske ved nekting av goder og ved å hindra deira personlege val i livets mange situasjonar. Vil dette nokon gong bli dagsorden hjå oss?

Nei, det vil ingen meina og tru. Men kor ser me ein politikar som anar faren og ropar: Ulv? Ingen stortingsrepresentant mæler i mot, og dei kan teljast på ei hand dei småpolitikarane i landet som vågar å uttrykkja uro for denne utviklinga til WEF – den nye verdsordninga. Kva gjer me?

Som ein reier, slik ligg ein.

Filed Under: Kommentar

Finnmarkshilsen, redaktør Vidar Norberg, e-post: Finnmarkshilsen@gmail.com, telefon: 90082017, konto DNB: 1214.01.69100. Copyright Finnmarkshilsen.no