• Hopp til primær menyen
  • Hopp til hovedinnhold

Finnmarkshilsen

Hilsen fra Finnmark

  • Hjem
  • Reportasje
  • Nyheter
  • Oppbyggelse
  • Kommentar

Til lukka med dagen, USA!

7. november 2024 By Redaksjonen

Donald Trump. (Skjermklipp fra Fox News)

Av Jostein Sandsmark

Me har feira med eplekake i dag, sidan det gjekk så bra med valet i USA. Det var ikkje personen Donald Trump som får hyllesten, men politikken han står for og iverkset.

Obama var involvert i 7 krigar, men fekk Fredsprisen. Trump derimot, starta ingen krig, men dempa hissigproppen Kim Jong-un, fekk i stand Abrahamavtalane i Midt-Austen og flytta USA-abassaden frå Tel Aviv heim til Jerusalem. Han trekte USA ut or den vetlause Parisavtalen og skjerpa tonen overfor Iran med sine atomprosjekt. Han refsa FN og EU for mange antisemittiske resolusjonar og tiltak. På heimebanen fekk han til ein sterk oppgang i næringslivet

Men for alt dette fekk han berre vantakk, vart baksnakka og rettsleg forfylgd i ei rekke saker.

Nå ser me fram til den 6.10. 2025 for å sjå dei gode verknadene etter Trump-leiren sin berekraftige politikk og dei mange tiltak han kjem til å iverksetja. Eg trur dei blir verd ei ny eplekake.

Filed Under: Kommentar

Finnmarkshilsen, redaktør Vidar Norberg, e-post: Finnmarkshilsen@gmail.com, telefon: 90082017, konto DNB: 1214.01.69100. Copyright Finnmarkshilsen.no