Av Dag Rune Lid
(OPPBYGGELSE): På fyrste halvdel av 1990-talet hadde dei ein emissær i Nordhordland Indremisjon som heitte Johannes E. Raknes frå Osterøy. Han var emissær om vinteren og fiska laks om sommaren i såkalla leksegilje, eller laksesteng som dei gjerne også kalla dei. Desse sto innover langs fjorden.
Ein sommar då han sat ved laksegilja i Sørfjorden – fjorden som strekker seg innover forbi Vaksdal på landsida – da kom det ein motorbåt utover Sørfjorden. Det var gjerne rolege dagar, og han snakka sikker mykje med Herren. Då han sat der vart han minna om å ro ut og spørje om motorbåtføreren var frelst. Det var gjerne ein vanvittig tanke, men som tenkt så gjort.
Han stormrodde ut til motorbåten til han nådde han ute i fjorden. Då båtføreren stogga og ropte om det var nokon som trong hjelp svarte Johannes: «Nei, men er du frelst mann?»
Då fekk Johannes høyra så mykje banning etter seg som han aldri hadde høyrt før i heile sitt liv. Johannes rodde stilt attende og skamma seg over at han hadde vore så dum og gjort dette. Han var glad at ingen andre hadde sett han. Det var vel gjerne også stridt å verta så fornedra i andre menneske sine augo.
Året etter var det årsmøte i Nordhordland Indremisjon på Vaksdal, og under avslutningsmøte i kyrkja om sundag ettermiddag vart ordet gjeve fritt. Då gjekk ein mann fram i kordøra og tok ordet. Han fortalde at året før hadde han vore på veg ut fjorden med ein båt, då kom det ein fossroande utover fra land og spurde om han var frelst.
Han fortalte kva som vart sagt, og etter dette så sa ikkje båten «tokk tokk» lenger, men den sa berre: «Er du frelst mann? Er du frelst mann?», og mannen vart frelst. Før båten hadde lagt til land, hadde mannen bøygt kne og overgitt seg til Gud.
I kyrkja denne dagen avslutta mannen med å seie: «Eg veit ikke kven det var, men eg skal takke han, om eg ikkje møter ham før i himmelen». Johannes sat i kyrkja den dagen.
Eg trur Johannes kjende noko av denne himmelske tilfredsheit, gleda over å ha fått gå ærend for Jesus, sjølv om det kosta. Som songaren syng: «Snart er vi hjemme og står for tronen, Hva gjør det da om solen har oss brent? Når hytten faller, så får vi kronen, Og all vår trengsel er for alltid endt.»
Han fekk erfare Guds ordet i Hebreerne 10:35: Kast difor ikkje bort frimodet dykkar, som har stor løn!»
Artikkelen er sakset fra bladet LYS nummer 5, september 2023.