• Hopp til primær menyen
  • Hopp til hovedinnhold

Finnmarkshilsen

Hilsen fra Finnmark

  • Hjem
  • Reportasje
  • Nyheter
  • Oppbyggelse
  • Kommentar

Brev til Norges Bank

21. mai 2025 By Redaksjonen

Norges Bank i Oslo

Norges Bank                                                                                  Geilo, mai 2025

Til styret i Norges Bank med kopi til Finansdepartementet.

Det er blitt kjent at NB dreg ut oljefondsinvesteringane frå PAZ i Israel av politiske grunnar.

PAZ  har nemleg bensinstasjonar i Judea og Samaria. Grunn: «Okkupasjonen av palestinsk land».

For å få dette til må NB ha lytta til den antisemittiske propagandaen frå PLO, Hamas og det korrupte, jødefiendtlege FN. For dei byggjer ikkje på gyldige folkerettsvedtak.

Tvert om står alle tidlegare rettskraftige vedtak ved lag.

Folkeforbundet gjorde etter 1. verdskrigen vedtak som gav jødane råderett over Palestina, og som Verdssamfunnet støtta då staten Israel i 1948 vart konstituert.

Etter mandatet skulle jødane bli tildelt heile Palestina medrekna det som vart Transjordan, men vart plukka ned til berre å gjelda landet vest for elva Jordan, men medrekna Golan, Judea/Samaria (Vestbredden) og Gaza. Jødane godtok dette, men ikkje arabarane.

Jordans ulovlege okkupasjon av Judea/Samaria i 1948 endra ikkje denne folkerettslege jurisdiksjonen til Israel over dette området.

Kva så med NBs vedtak med å dra oljefondsinvesteringar ut or PAZ?

Dette vedtaket er om ikkje anna ei usakleg handling som avdekkar ei graverande fåkunne om internasjonal folkerett og ein klår offentleg antisemittisme.

Jødane og deira vener forventar eit forsvar for denne operasjonen til NB med tilvising til dokument som godtgjer at det er ein ulovleg jødisk okkupasjon av Judea/Samaria.

Nei, dei dokumenta finst ikkje, så de kan spara dykk for umaken.

Men difor – rimeleg –  er at de reverserer vedtaket og sender den israelske stat og jødefolket ei orsaking for usakleg, ugrunna operasjon.

På vegner av jødar og israelsvener – som lett kan visa til rettskraftige dokument som syner at Israel har full råderett over Judea/Samaria (Vestbredden) og at ingen okkupasjon føreligg.

Jostein Sandsmark
Geilo
som skal vidaresenda svaret dykkar til misnøgde og sinte jødevener.

Filed Under: Kommentar

Finnmarkshilsen, redaktør Vidar Norberg, e-post: Finnmarkshilsen@gmail.com, telefon: 90082017, konto DNB: 1214.01.69100. Copyright Finnmarkshilsen.no