
Av Jostein Sandsmark
(KOMMENTAR): Nå etter kvart vedgår toppolitikarane våre at dei ikkje har vore flinke med itegreringa av våre nye landsmenn.
Då den store innvandringa tok til for 30 år sidan frå Pakistan, Afganistan, Syria og Somalia – alle muslimske land – var passordet mangfald, multikultur, fargerikt fellesskap og integrering. At ikkje heile folket ville det, vart oversett. Det burde vel også heita assimilering: – at innvandrarane vart innlemma i det norske samfunnet. Integrering er det vel også med parallellsamfunn og klankultur? Iveren etter å utdela statsborgarskap kan ha hatt usagde undertonar. «Multikultur skal dere få enten dere vil eller ei» – uttala Anniken Huitfeldt.
Motstanden frå Carl I Hagen, som spådde at det ville føra til slemme tilstandar, vart ignorert, ja, stempla som rasistiske utsegner og usolidariske haldningar, som ikkje høvde seg for verdas rikaste land – som attpå skulle vera kristeleg med nestekjærleik som stikkord.
Nå ser me at det gjekk troll i ord, og me har fått «svenske tilstandar» – og verre vil det bli. Men sjølv om me står midt opp i dette som C.I.H. så profetisk snakka om, blir ein snudd ryggen til om ein nemner det.
Toppolitikarane vedgår at dei ikkje har vore «flinke nok» med integreringa. Men dei burde vita at islam ikkje let seg integrera i nokon annan kultur.
Det bur ca 300 000 muslimar her i landet, og ikkje alle er aktivistar, men dei har likevel med god hjelp av Storting og styringsverk greitt å tilpassa det norske samfunnet til Sharia i ein grad som er til å bli forstøkt av. Erna Solberg ville i si tid som kommunalminister innføra Sharia i muslimske miljø – som ein gest. Nå er politietaten, rettsvesenet og media dominert av omsyn til muslimske interesser og bøyer kne for islamske skikkar og kultur. Endåtil Dnk bukkar for islam og driv med høgtlesing av Koranen i kyrkjene.
Bystyret i Oslo nikkar og bukkar for muslimane og pyntar byen for Ramadan og Eid-al-Fitr til fortrengsel for kristne høgtider som jul og påske. Det er 18 statsstøtta moskear i Drammen, men berre 15 kyrkjer!
NAV og helsestellet tilpassar seg islamske skikkar og krav. Skulesstellet ber preg av og tilpassar seg muslimske haldningar og kultur.
Jovisst har me fått integrering, men motsett av det som politikarane tok sikte på. Anniken Huitfeldt og Støre har fått det som dei ville.
Anslagsvis kostar masseinnvandringa oss årleg 400 milliardar. Klima 200 milliardar. Ukraina 85 milliardar. Bistand 60 milliardar. EU og EØS 10 milliardar.
Då er det ikkje rart Staten har eit kjempeetterslep på infrastrukturen i landet, og at kommunane må vedta store nedskjeringar. Helsestellet slit med køar og underbemanning, ventetid og dårleg service til sine klientar. Det går rykte om at institusjonar byr på fiskeboller som julemiddag til gjestene sine. Dei kommunale kulturtilboda må strupast ned, og gründarar og næringslivstoppar feirar ikkje heimejul, men held seg i Sveits. Heia Noreg!