Av Jostein Sandsmark
(KOMMENTAR): Til alle dei eg har forulempa med kvasse skriv om teologiske tema. Eg har i meir enn eit tiår stridd mot homoideologien og det einkjønna ekteskapet. I personlege brev, artiklar og mange debattinnlegg har eg vist at homobølga og Pride ikkje har støtte i Skrifta, men at det må søkjast grunnlag for dei i humanistisk ideologi.
Men nå har eg kome fram til at mitt engasjement bør ta slutt – eg bøyer meg for orda i Op 22,11 og Dan 12,9-10: «Lat dei som gjer urett, halda fram med å gjera urett…..». «Desse orda skal vera løynde og forsegla til endetida. Men dei ugudelege skal halda fram i si gudløyse, og ingen skal skjøna noko».
Nå har også bispekollegiet og teologiske professorar erkjent at homofil praksis og godkjenning av samkjønna ekteskap ikkje er i samsvar med Bibelens ordlyd – men dei nyttar andre preferansar til støtte for sitt val. Til dømes utsegner som denne: «Den sosiale settingen og den samfunnsmessige konteksten vi lever i, har forandret seg, og det gjør noe med teologien».
Når så teologien seier: … «men størst av alt er kjærleiken» – så vert det forstått som at frislepp av homofili er nestekjærleik, – og det trumfar alt.
Nå er det frikyrkjene og pinsemenigheitene som møter homobølgja. Tida vil visa om dei greier å halda fast på Bibelens bodskap – eller om ankerfestet glepp og dei rek til havs med homotsunamien.
Men dette er ikkje framandt for Skrifta. Mennesket har ein gudgjeven rett til å velja livsveg – til å gå på fortapingsvegen. Å pressa, tvinga nokon til å gå på Livsens veg, er ugudeleg.
Jesus peikar ut dei sæle: – «Dei som handlar etter mitt ord».
Vismannen Søren Kierkegaard seier ein del om desse tinga, om villfaring og forføring, men ingen dreg det fram i debatten. Eg gjer det og siterer:
«Det av alt er et menneske lettest, er: Evig å bedra seg selv».
«Frykt mest av alt å være i en villfarelse.»
«En villfarelse stanser som bekjent aldri av seg selv, den fører blott mer og mer vill, så det blir vanskeligere og vanskeligere å finne tilbake til sannheten».
(Nyare utsegn: «Homotoget har ingen endestasjon»).
«Villfarelsen er alltid svevende, derav kommer at den stundom ser så lett og åndelig ut, fordi den er så luftig. Sannheten gjør faste, derfor stundom besværlige trinn. Den står på det faste, og ser derfor stundom så simpel (enkel) ut».
Eg har sett ord på utviklinga av denne prosessen i sju steg i F-moll:
Forføring – Freisting – Fall – Forherding – Forbanning – Fortaping – Falsk Fred.
Ei bekrefting av det siste punktet er utsegna frå ho som ber hovudansvaret for at homoideologien er innført i heile DnK. Ho ser seg tilbake og uttalar: «Jeg er trygg på mitt ståsted».